Page 4 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 4

4
Forord
Jan Egil Presthus var sjef for Spesialeininga frå opprettinga 1. januar 2005 til sin altfor tidlege død 6. januar 2020. Eg har stor respekt for korleis han gjennom desse 15 åra medverka til å byggje opp eininga til det ho er i dag, der legitimitet, kvalitet og integritet er tydelege varemerke. Den 7. mai 2020 blei eg utnemnd av Kongen i statsråd som Presthus sin etterfølgjar, og starta i jobben 17. august s.å.
Min ambisjon er å vidareutvikle eininga i tråd med den retninga Presthus har staka ut, og med dagens forventingar til kvalitet, saksbehandlingstid og organisering. Eg gleder meg til arbeidet. Med den erfaringa eg no har med eininga sine medarbeidarar, er eg overtydd om at ambisjonane mine ikkje er å spenne bogen for høgt.
Sidan eg gjekk ut frå Politiskolen i 1987, har arbeidskvardagen i det store og heile vore vigd til politiet og påtalemakta. Eg hadde fleire år i operativ teneste før det blei overgang til påtalemakta, der eg blant anna har vore politimeister og avslutta som fyrstestatsadvokat ved Riksadvokatembetet. Eit knapt år i Kabul i Afghanistan i 2007–2008 gav også perspektiv som er nyttig å ta med til Spesialeininga. I det krigsherja landet fekk eg oppleve på nært hald kor øydeleggjande det er å ha eit politi som blir prega av korrupsjon og manglande tillit.
Spesialeininga sitt samfunnsoppdrag – å oppretthalde befolkninga sin tillit til politiet og påtalemakta – gir stor meining og inspirasjon. Eininga varetek ein særs viktig demokratisk funksjon.
Tidvis blir Spesialeininga kritisert for å ha for tette bindingar til politiet. Synspunktet kom også opp på tampen av 2020 i samanheng med ei sak der politiet skaut og drap ein mann på Bolkesjø i Notodden kommune. Det blei hevda at Spesialeininga såg på saka med «politi­ auge», og den gamle diskusjonen om kven som skal etterforske lov­ brot gjort i tenesta, blussa opp igjen. Spesialeininga er organisatorisk heilt uavhengig av politiet, men vi skal alltid reflektere nøye over innvendingar til ordninga om korleis samfunnet skal etterforske lovbrot gjort av dei som sjølv skal handheve lova. I løpet av 2021 skal vi etablere våre eigne etiske retningslinjer. Desse skal søkje å peike på ulike dilemma vi som organisasjon står overfor, ikkje minst for å skape ytterlegare medvit omkring objektivitet, integritet
og nøytralitet.
 


























































































   2   3   4   5   6