Page 45 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 45

Hending i arrest
TRØNDELAG POLITIDISTRIKT
Ei kvinne melde tilsette i politiet for å ha kledd henne naken og latt henne vere naken på cella i mange timar. Kvinna opplyste at det var mann­ lege tenestepersonar som var til stades da ho måtte kle av seg.
Spesialeininga fann ikkje bevis for at tilsette i politiet hadde handla straffbart. Kvinna hadde forsøkt å kvele seg sjølv ved to høve ved bruk av kleda sine og ein hårstrikk. Dette ble oppdaga og forsøkt avverja. Kvinna fikk ikkje teppe fordi dette ikkje var rivingssikkert og fordi kvinna kunne prøve å skade seg sjølv under teppet. Kvinna ble handtert av mannlege tenestepersonar fordi det kun var ein kvinneleg arrestforvarer på vakt og fordi kvinna var så sint og utagerande at ho måtte bli handtert av fleire personer.
Saken vart send til politidistriktet og Politi­ direktoratet for administrativ vurdering av behov for rivingssikre teppe eller andre alternativ i situasjonar kor arrestanten må bli tatt frå kleda sine.
Våpenforvalting
TROMS POLITIDISTRIKT
To tilsette (A og B) og eitt politidistrikt ble etter­ forska for mulig brot på våpenloven. Til saman fem våpen var ved like mange høve godkjent for erverv til tilsette i eige politidistrikt. To av våpna var heilautomatiske maskinpistolar som var ulovlige skytevåpen, og difor var ulovlege å erverve/eie. To av dei andre våpna var (lovlige) halvautomatiske pistoler og ei (lovlig) hagle. Søknadene om erverv av desse våpna skulle ikkje ha vore godkjend fordi skytevåpna hadde blitt innlevert til politiet av tidligare eigar for destruk­ sjon. Handlingane hadde skjedd i 2016 og 2017.
Spesialeininga fann ikkje bevis for at A og B eller politidistriktet som føretak hadde handla straff­ bart, og saka blei lagt vekk. A og B som hadde sakshandsama og godkjend søknadane hadde mangelfull kunnskap om våpenforvalting og hadde ikkje forsettlig eller grovt aktlaust brote reglane som gjaldt på tida for handlingane. Vidare hadde A (som var leiar) sjølv meldt frå om tilhøva da han fikk opplæring på fagområdet hausten 2018. Sjølv om opplæringa av dei tilsette hadde vært mangelfull, var det ikkje nok haldepunkt i saken for at dette var så alvorleg at det utgjorde ei straffbar handling frå politidistriktet si side. Dessutan hadde det skjedd samanslåingar mellom fleire politidistrikt i tida etter at handlingane fann stad.
Sjølv om våpenforvaltinga er annleis i Troms politidistrikt enn i tidligare Midtre Hålogaland politidistrikt der dei etterforska forholda starta, sende Spesialeininga saka til administrativ gjennomgang for å unngå liknande situasjonar framover. Ein gjennomgang av saka er og etter Spesialeininga si meining egna til å sikre at våpenforvaltinga held fagleg høgt nivå på alle tenestestadar som har denne oppgåva.
Av same grunn sende Spesialeininga saka til administrativ vurdering i Politidirektoratet. Det vart vist til at direktoratet er øvste fagmyndigheit, og til tidligare saker om våpenforvalting som Spesialeininga har send til direktoratet for administrativ vurdering.
 45
 Spesialenheten for politisaker
Årsrapport 2020





















































































   43   44   45   46   47