Page 46 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 46

46
Skilet mellom polisiære og straffeprosessuelle verkemiddel
Det er svært viktig at personar som arbeider operativt i politiet er godt kjend med skilet mellom politisære og straffeprosessuelle verkemiddel. Den enkelte teneste­ person må ha medvit om kva slags verkemiddel han eller ho til ei kvar tid tar i bruk. I teksten under er det omtale av ei sak som er send til administrativ vurde­ ring i 2020 som gjeld dette spørsmålet. I artikkelen på side 9 skriv Johan Reidar Nilsen om verkemiddel i det førebyggande arbeidet som politiet gjer.
VEST POLITIDISTRIKT
Ein person (A) melde politiet for å ha ransaka bilen hans ulovleg. A blei stansa i trafikkontroll fordi kjøringa hans var påfallande. A nekta å blåse i alkometer og ville heller ikkje gi spytteprøve for eventuelt å vise bruk av narkotika. Han blei tatt med til legevakta av polititenestepersonane C og D, og måtte gi frå seg nøklane til bilen fordi den sto slik til at det kunne verte nødvendig å flytte på den.
Undersøkingar i registra til politiet viste at det fantes ei melding på A sin bil om at skilta på bilen hadde forsvunne ved bompasseringer for så å kome attende. Polititenesteperson B som var att på staden etter at A blei frakta til legevakta, såg at det var montert ein innretning på skilta som kunne tyde på at opplysingane stemte og at A gjorde dette for å unndra seg betaling. B gjekk inn i bilen og der fann ho ein fjernkontroll som kunne nyttes til å senke ei gardin ned framfor skilta. Ho melde dette til C og D, som konfronterte A. B tok også kontakt med operasjonssentralen og informerte om det ho hadde funne. Ho ble satt over til jourhavande jurist som lik B var usikker på kva slags straffbar handling dei hadde med å gjere. Da A kom tilbake til staden, ville politiet sjå autopassbrikka han hadde opplyst å ha, men som
ikkje var å sjå i bilen. Medan A såg på, låste B opp hanskerommet i bilen. A bad sjølv om å finne fram brikka. Det viste seg da at brikka var pakka inn i aluminiumsfolie.
I avhør hjå Spesialeininga forklarte B at ho ikkje tenkte så nøye over det då ho opna og gikk inn i bilen, men at ho i ettertid såg at det nok var ei ransaking og at ho burde ha skreve rapport. Der og da tenkte dei at A kunne mistenkast for bedrageri eller brot på vegtrafikkloven.
Spesialeininga meinte at undersøkingane av A sin bil openbert krav heimel, og at det måtte vurderast som ei straffeprosessuell ransaking. B hadde både tid og anledning til å avklare med jour­ havande jurist om ho kunne gå inn i bilen i kraft av føresegnene i politiloven om visitasjon eller be om å få ei avgjerd om ransaking.
Det var ikkje bevis for at dei materielle vilkåra for ransaking ikkje var til stades, og Spesialeininga meinte B ikkje var sterkt å klandre for å ha handla slik ho gjorde. Det same gjaldt ransakinga av hanskerommet etter at A var komen tilbake.
Det var også notoritet om kva som var gjort i meldinga som C skrev og gjennom B sin kontakt med operasjonssentralen. Saka var lagt bort for tenestepersonene da det ikkje var bevis for at dei hadde handla straffbart i teneste.
Saka blei send til politidistriktet for administrativ vurdering. Det ble vist til at saken var eigna til læring med tanke på skilet mellom polisiære og straffeprosessuelle inngrep og tilhøranda føresegner om vedtaksmakt.
  






















































































   44   45   46   47   48