Page 47 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 47

Rolleforståing
OSLO POLITIDISTRIKT
Ein person (A) melde polititenesteperson B og polititenesteperson C for å ha kome til hans bustad og legitimert seg som politi i ei sak som A mente var privatrettsleg.
Polititenesteperson B ville melde A for bedrageri etter ein privat handel mellom dei to. B kontakta kollega C for å melde A. C ville av omsyn til A løyse situasjonen utan melding av A. C hadde ikkje mottak av meldingar som ein naturleg del av sitt daglege arbeid i politiet.
Då dei søkte opp A på hans bustad, var det C som leia samtalen og han legitimerte seg som politi. Sjølv om det var ikkje var klart om B legitimerte seg som politiet, la Spesialeininga til grunn at dei to sto fram for A som ei eining. Saka vart lagt bort både for B og C då det ikkje var bevis utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at dei hadde handla straffbart. Det vart mellom anna lagt vekt på at dei meinte dei sto overfor eit straffbart tilhøve og ikkje ei sivilrettsleg sak.
Spesialeininga sende saka til administrativ vurdering i politidistriktet. Det vart pekt på at forståinga av rolla som politi, regler for å hevde politimyndigheit i egen sak og notoritet om oppdrag som ikkje meldes til operasjons­ sentralen bør vurderast administrativt.
Søk i registera på vener og kjente
Kvart år får Spesialeininga ein del saker som gjeld bruk av politiet sine register til andre føremål enn som gjeld den enkelte sitt arbeid i politiet. På side 25 har vi skrive ein artikkel om dette temaet, og her finn du omtale av ein sak Spesialeininga i 2020 sende til administrativ vurdering som gjeld same tema.
INNLANDET POLITIDISTRIKT
Eit politidistrikt melde at ein tenesteperson frå eit anna politidistrikt hadde søkt i ei straffesak som dei etterforska. I avhør hadde den sikta (B) i straffesaka opplyst at han hadde snakka om sin sak med ein venn (A) som arbeida i eit anna politidistrikt. På bakgrunn av meldinga etter­ forska Spesialeininga om polititenesteperson A hadde søkt utan tenesteleg behov og om han hadde brote teieplikta.
Etterforskinga viste at B sjølv hadde tatt kontakt med A og fortald at han hadde køyrt medan han var påverka og at politiet hadde tatt ei hagle som sto framme i huset hans. A blei uroa for B da blodprøven viste at han hadde vore svært påverka av alkohol samanhalde med at han hadde våpen framme i bustaden sin. Av den grunn søkte A i straffesaka til B og hadde etter det samtaler med han om dette. A melde ikkje frå om kontakten til etterforskar eller påtalejurist som arbeidde med B sin sak.
Spesialeininga la vekk saken mot A da det ikkje var bevis utover ein kvar rimeleg tvil for at han hadde handla straffbart. Det var blant anna lagt vekt på at B hadde innsynsrett i eigen straffesak og at A forklarte sine handlingar med hjelpeplikten han har som politi. Saka vart likevel send til politiet for administrativ vurdering både i personalsporet og for læring. Spesialeininga peikte på at det å søke på saker som er under etterforsking i eit anna distrikt og diskutere saka med sikta, utan å melde frå til ansvarleg etterforskar og/eller påtalejurist, ikkje bør skje.
 47
 Spesialenheten for politisaker
Årsrapport 2020




















































































   45   46   47   48   49