Page 5 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 5

Ein må likevel merke seg at tenestepersonar i politiet og påtalemakta må etterforskast med den same profesjonelle og faglege standarden, rettstryggleikstenkinga og etter det same regelverket som ein kvar annan borgar som blir etterforska for lovbrot. Det er derfor vanskeleg å tenkje seg ei ordning der ikkje mange i Spesialeininga har bakgrunn frå dei etatane der profesjonen etterforsking blir utøvd, nemleg
i politiet og påtalemakta.
At fleire av oss i Spesialeininga har kjent på stresset, adrenalinet eller krava til å handle raskt – også med våpen – i ulike operative situasjonar, meiner eg tilfører ein viktig dimensjon til avgjerdene våre. Det treng heller ikkje å vere ei ulempe å ha kjent på rolla som jourhavande jurist, gjerne om natta, der prosessuelle avgjerder skal takast under tidspress med avgrensa informasjon tilgjengeleg. Når det er sagt, er det likevel ein styrke at fleire etterforskingsleiarar ikkje har slik bakgrunn. Det gir balanse både for organisasjonen og ved behandlinga av enkeltsaker. Eg vil i så måte også trekkje fram våre åtte advokatar på verv. Dei er svært viktige, og i dialogen min med departementet vil eg ta til orde for at desse i framtida også kan nyttast på ein annan måte, slik at dei får ei meir synleg rolle.
Spesialeininga har over år hatt for lang saksbehandlingstid. Det er ambisjonen min å få gjort noko med dette, utan at det skal gå på kostnad av kvaliteten. Å få avgjort sakene innan rimeleg tid er viktig for alle partar, og tillitsskapande i seg sjølv. Frå 1. desember 2020 blei utvalde etterforskingsleiarar gitte fullmakt til å avgjere over­ siktlege saker der det ikkje er rimeleg grunn til å setje i verk etter­ forsking. Desse sakene får derfor ikkje to­instansbehandling hos oss, og blir raskare avgjorde. Ordninga vil frigjere tid til dei meir ressurskrevjande sakene.
Spesialeininga sitt samfunnsoppdrag
– å oppretthalde befolkninga sin tillit til politiet og påtalemakta – gir stor meining og inspirasjon. Eininga varetek ein særs viktig demokratisk funksjon.
  Spesialenheten for politisaker
Årsrapport 2020
5
 

























































































   3   4   5   6   7