Page 6 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 6

 6
Eg meiner også at det skal opprettast eit sentralt saksmottak
i eininga. Ei arbeidsgruppe gav innstilling like før jul 2020 om den nærmare innretninga og plasseringa av eit slikt mottak. Ordninga bør vere på plass i løpet av året. Ambisjonen er å sikre framleis god kvalitet over dei innleiande undersøkingane og medverka til likare praksis med omsyn til kva saker det skal innleiast etterforsking i. Eg har stor tru på tiltaket, og ikkje minst at kombinasjonen med fullmakt til utvalde etterforskingsleiarar kan medverke til redusert saksbehandlingstid totalt sett.
Korleis Spesialeininga skal organiserast har vore gjenstand for vurderingar dei siste åra. Ei arbeidsgruppe blei nedsett hausten 2020 for å sjå på strukturen i eininga, samansetjing, plassering og storleik på dei ulike avdelingane. Arbeidsgruppa leverte si tilråding i januar 2021, og oppfølging av dette arbeidet blir sentralt det komande året.
Av ulike årsaker har det kontinuerlege arbeidet med kompetanse­ utvikling dei siste åra ikkje fått den merksemda det fortener.
Ei etterlengta styrking av budsjettet for 2021 som bidrar til personellmessig auke, vil blant anna også innebere at vi i større grad kan prioritere og intensivere arbeidet med kompetanseutvikling. For å vareta det viktige samfunnsoppdraget vårt må Spesialeininga vere prega av høg kompetanse i alle ledd.
Openheit om vedtaka våre har alltid vore viktig for Spesialeininga. Dette vil vi vidareutvikle, blant anna ved å ta i bruk sosiale medium.
Eg vil óg nemne at vi også i 2020 har behandla saker der politiet har skote og drepe menneske. Sakene er ofte vanskelege for dei attlevande, og dei er krevjande for dei involverte polititeneste­ personane. Våre konvensjonsforpliktingar tilseier at desse sakene må takast på det største alvor og gjerast til gjenstand for grundig etterforsking.
At politiet gjennom tenestehandlingane sine tek liv vil alle søkje å unngå, og Spesialeininga må gjennom vårt mandat også medverke til dette.
 

























































































   4   5   6   7   8