Page 42 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2021
P. 42

42
Etterforskinga gav ikkje bevis for at ein eller fleire tenestepersonar hadde opptredd slik at det kunne karakteriserast som kvalifiserte avvik frå forsvarleg og riktig tenestehandling.
Spesialeininga vurderte også spørsmålet om straff for Sør­Vest politidistrikt som føretak. Sjølv om det å vente med å utferdige besøks­ forbod til mistenkte hadde forklart seg var i samsvar med gjeldande instruksar og rutinar
i politidistriktet, fann Spesialeininga at det kunne rettast kritikk mot føretaket for blant anna mangelfulle rutinar for handsaminga av besøks­ forbod, både med omsyn til kven som til ei kvar tid har ansvaret og er påtaleansvarleg for saka, og overlapping og kommunikasjonen mellom felles straffesaksinntak og dei geografiske drifts­ einingane. Spesialeininga si etterforsking avdekte også at ressurssituasjonen og arbeids­ byrda i politidistriktet var ei medverkande årsak til at denne saka ikkje fekk ei optimal sakshand­ saming, og det var òg ei medverkande årsak til at det ikkje blei gjort ei grundigare og meir heil­ skapleg handsaming av alle opplysningar som låg føre. Spesialeininga peikte på at ansvaret for dette må ligge på leiinga ved politidistriktet,
og ikkje den enkelte påtalejurist.
Under tvil konkluderte Spesialeininga med at det ikkje var grunnlag for å reagere med straff for føretaket. Saka blei like fullt vurdert som eigna for erfaringslæring og blei send for administrativ gjennomgang, sjølv om eininga var kjent med at politidistriktet hadde endra og presisert sine retningslinjer etter hendinga.
AGDER POLITIDISTRIKT
Politidistriktet varsla i november 2020 Spesial­ eininga om at ei kvinne (A) var drepen av sin tidlegare kjæraste (B). A hadde før drapet meldt B for plagsam oppførsel og bad om at det blei utferdiga besøksforbod.
Spesialeininga avgjorde med bakgrunn i opplys­ ningane frå politidistriktet iverksetting av etterforsking for å klargjere om enkeltpersonar i politidistriktet eller politidistriktet som føretak hadde gjort straffbare handlingar
i samanheng med handteringa av kravet om besøksforbod.
Spesialeininga si etterforsking viste at politiet verken på tidspunktet for meldinga eller seinare under etterforskinga hadde kunnskap som gjorde det påkravd å utferdige besøksforbod straks som risikoreduserande tiltak. Med bakgrunn i den kunnskapen politiet hadde i dagane før drapet, fann Spesialeininga det ikkje bevist at tilsette i politiet burde ha gjort tiltak som faktisk kunne ha hindra drapet. Spesial­ eininga konkluderte med at politiets handtering av besøksforbodet samla sett var forsvarleg og innanfor det rommet for utføringa av tenesta som ikkje medfører straffansvar. Det var ikkje bevismessige haldepunkt for at eit straffebod var brote. Spesialeininga fann derfor ikkje grunn til å vurdere straff for politidistriktet som føretak.
Saka blei like fullt vurdert eigna for læring og send til politidistriktet for administrativ gjen­ nomgang sjølv om det var kjent at politidistriktet i etterkant av saka hadde laga nye interne rutinar for handteringa av besøksforbod. Det blei for det første peikt på at etterforskinga viste at opplæring av nytilsette ikkje var god nok. Dette saman med andre spørsmål knytte til rutinar for
  






















































































   40   41   42   43   44