Page 43 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2021
P. 43

sakshandsaming av krav om besøksforbod som kom fram i saka, gav etter eininga si vurdering grunnlag for å lære av erfaringane frå saka.
Spesialeininga viste til at saka frå Sør­Vest politi­ distrikt som er omtalt over, også var send Politi­ direktoratet til administrativ vurdering, og at desse bør sjåast på i samanheng.
Ulike spørsmål om bruk av
tvangsmiddel
Spesialeininga har kvart år saker som på ulike vis dreier seg om politi- og påtalemakta sin bruk av tvangsmiddel. God og riktig dokumentasjon (notoritet) om bruken av tvangsmiddel er eit tema som ofte kjem opp i desse sakene. Når eininga tek imot ei melding frå ein person som meiner seg utsett for straffbare tenestehandlingar, startar som regel undersøkinga med ein førespurnad til politiet om dokumentasjon på hendinga. Nokre gonger kjem det da fram at det ikkje finst eller er mangel- full dokumentasjon om hendinga i politiet, også når det faktisk er brukt tvangsmiddel. Om vilkåra for tvangsmiddelbruken er til stades og om bruken er bestemt av person med rett kompetanse, er også tema i enkelte av sakene eininga har handsama. Spesialeininga har i fleire årsrapportar nytta høve til å gjere merksam på saker og spørsmål som kan vere interessante for andre enn partane i saka og gje grunnlag for læring i politi- og påtalemakta. Her har vi tatt fram nokre av sakene som blei sende til administrativ vurdering i 2021.
OSLO POLITIDISTRIKT
Her har vi valt å omtale ei sak som Spesialeininga sende til administrativ vurdering i 2020, og som blei ytterlegare etterforska i 2021 i samband med klagebehandling hos riksadvokaten.
Saka er send til politimeisteren i politidistriktet for administrativ vurdering i personalsporet og for opplæring. Spesialeininga viste til viktigheita av at tenestepersonar kjenner regelverket for ransaking og personellkompetanse ved avgjerd om ransaking og viktigheita av at reglar om dette blir haldne.
Faktum i saka var at A melde politiet for ulovleg ransaking, trakassering og truslar i forbindelse med at han blei stansa i bil. A meinte også at politiet ulovleg hadde brukt tvang/makt mot han for å få han til å låse opp mobiltelefonen med fingeravtrykk (biometrisk autentisering).
Spesialeininga fann ikkje bevis for at teneste­ person B hadde opptredd straffbart ved stans og kontroll av A. Politiet har høve til å stanse personar for kontroll, og det var ikkje opplys­ ningar i saka om at kontrollen av A var gjord som ledd i trakassering av han, at han blei utsett for truslar eller at beslaget av førarkortet ikkje hadde heimel. Blåseprøva viste at A var alkohol­ påverka, samt at teikn­ og symptomtest gav mistanke om påverknad av anna enn alkohol. Dette blei seinare bekrefta gjennom blodprøve. Om ransakinga av A og bilen viste Spesialeininga til at retten for tenestepersonar til sjølv å avgjere ransaking er avgrensa, da kompetansen som hovudregel ligg hjå påtalemakta når det ikkje er tid til å vente på avgjerd frå tingretten. Spesial­ eininga meinte det kunne stillast spørsmål ved om det reelt sett var tid til å konferere med jour­ havande jurist om ransakinga, men fann det ikkje bevist utover rimeleg tvil at B, ved sjølv å avgjere ransakinga, hadde opptredd straffbart.
Under ransakinga av A blei det funne to mobil­ telefonar. A lét politiet sjå innhaldet på den eine, men nekta å opplyse koden for den andre.
B forklarte at fordi A hadde to telefonar, styrkte
Spesialenheten for politisaker
 43
 Årsrapport 2021




















































































   41   42   43   44   45