Page 44 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2021
P. 44

44
dette mistanken om kjøp/sal eller oppbevaring av narkotika, noko som var grunnen til politiet sitt ønske om å sjå på telefonen. Opplysningar på tele­ fonen ville kunne avsløre sal av narkotika og andre involverte i nærleiken som kunne pågripast.
Spesialeininga understreka at saka fyrst og fremst var ei vegtrafikksak. Mistanken om rus var grunna på teikn­ og symptomtest, ikkje ei spyttprøve der mogleg påverknad av rus var slått fast på eit meir sikkert grunnlag, og ut frå opplys­ ningane i saka synest mistanken i hovudsak å gjelde bruk av narkotika. Det var heller ikkje gjort funn av narkotika på A eller i bilen. Ut frå opplysningane tenestepersonane hadde på dette tidspunktet, var det etter Spesialeininga si meining lite som peikte mot ei alvorleg narkoti­ kasak der fleire kunne bli pågripne. A blei heller ikkje formelt sikta eller meld for narkotikabrot­ sverk. Spesialeininga kunne vanskeleg sjå at det var skilleg grunn til å mistenke A for oppbeva­ ring/kjøp/sal av narkotika.
Bruk av tvang for å opne mobiltelefonar er regu­ lert i straffeprosessloven. Bruk av tvang skal som hovudregel avgjerast av påtalemakta. Spesialeininga meinte det var tid til å ringe jourhavande jurist for å innhente ei avgjerd, før tenestepersonane brukte makt/tvang mot A ved å forsøke å presse fingeren hans mot mobil­ telefonen. Politiet hadde uansett hand om mobiltelefonen og eventuelle bevis som var lagra på han.
Ikkje eit kvart brot på straffeprosessloven sine bestemmingar inneber straffansvar for grov aktlaus tenestefeil. Spesialeininga la bort saka etter bevisets stilling, og etter klage frå A bad riksadvokaten om at Spesialeininga undersøkte nokre spørsmål nærmare før saka blei endeleg avgjord. Riksadvokaten var einig med Spesial­
eininga i at det ikkje var grunnlag for straff i samband med stans, kontroll, alko­ og teikn­ og symptomtest og avgjerd om å ta A inn til blodprøve. Det var avgjerda til B om å ransake mobiltelefonen til A og gjennomføringa av ran­ sakinga som riksadvokaten ville ha undersøkt nærmare.
Etter at det var gjennomført ny etterforsking, meinte riksadvokaten at B hadde gått utover rammene for personransaking og også hadde feiloppfatta føresetnadene for tvangsautentise­ ring. Det at B gjekk utover sin kompetanse førte også til at hans vurdering av mistanken om kjøp og sal av narkotika, som etter politiadvokaten si vurdering ikkje nådde opp til «skilleg grunn», ikkje blei utsett for legalitetskontroll av påtale­ makta. Riksadvokaten var einig med Spesial­ eininga i at ein ikkje kunne sjå at det var skilleg grunn til mistanke om oppbevaring, kjøp eller sal av narkotika.
Riksadvokaten fann likevel ikkje grunnlag for
å seie at B hadde opptredd grovt aktlaust. Feilvurderinga av om det var skilleg grunn til mistanke om kjøp eller sal av narkotika kunne ifølge riksadvokaten vanskeleg seiast å vere openberr og ein grov tenestefeil i seg sjølv. Ei heller blei det vurdert å vere grunnlag for å seie at feila samla sett, også manglar ved beslagsrap­ port og (mogleg) manglande innrapportering av ransaking av mobil og forsøk på tvangsautentise­ ring, var så vidt grove avvik frå riktig teneste­ utøving at det kunne bli snakk om straff. Ved vurderinga la riksadvokaten vekt på manglande formalisert og tydeleg rettleiing både om gren­ sene for personransaking, premissane for bruk av heimelen for tvangsautentisering, om når det skal konfererast med jurist, samt utydeleg eller mangelfull kommunikasjon om kvar/korleis negative ransakingar skal registrerast.
  

























































































   42   43   44   45   46