Page 45 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2021
P. 45

Etter dette meinte riksadvokaten at saka skulle leggast vekk for B som ikkje noko straffbart forhold blir sett som bevist. Riksadvokaten understreka likevel i vedtaket at dette ikkje på nokon måte inneber godkjenning eller aksept verken av vurderinga eller framgangsmåten.
Det var påpeikt fleire avvik frå regelverket, og det er ikkje heldig at ransaking skjer i strid med både materielle og prosessuelle vilkår. På fleire punkt var det heller ikkje sørgt for god nok noto­ ritet omkring tvangsinngrepa. Det blei peikt på at plikta til å vere nøye ved rapportering og rapportskriving, ikkje er tvilsam.
Riksadvokaten var einig med Spesialeininga i at saka var eigna for administrativ gjennomgang hjå politimeisteren. Det blei vist til at saka inneheld fleire lærings­ og forbetringspunkt som både politiet og påtalemakta må notere seg, ikkje minst i lys av den meir overordna diskusjonen om politiets tvangsmiddelbruk i mindre alvorlege narkotikasaker og legalitetskontrollen med den.
TRØNDELAG POLITIDISTRIKT
A melde politiet for at han sat 18 timar i varetekt for bruk av narkotika trass i at han etter kort tid gav negativ urinprøve. Han fekk heller ikkje hjelp frå tolk eller advokat, og fekk heller ikkje kontakte sjefen sin eller sin ambassade.
A og tre andre blei pågripne om kvelden mistenkte for narkotikabrot. Pågripinga var grunngjeven i bruk av narkotika og fare for bevisøydelegging. Etterforskinga viste at pågrip­ inga av A blei oppretthalden med grunngjeving
i eit anna saksforhold enn bruk av narkotika. Kort tid etter at A og kjenningen hans blei pågripne, fann politiet store mengder hasj i ein bod i same leilegheitskompleks. Påtalemakta
meinte det var skilleg grunn til å knyte blant anna A til dette narkotikafunnet, men A blei aldri formelt sikta i denne saka.
Det å oppretthalde pågripinga med grunnlag
i bevisøydelegging i ei sak om bruk av narkotika der det er tatt urinprøve med negativt resultat, som grunnlag for mogleg mistanke i anna sak, er verken prosessuelt eller påtaleetisk riktig. Bruk av tvangsmiddel, slik som å sitte varetekts­ fengsla, er inngripande for den det gjeld. Det er påtalemakta sitt ansvar å sjå til at bruken av eit tvangsmiddel er basert på eit korrekt grunnlag, at grunnlaget er kjent for den tvangsmiddelet rettar seg mot, og at det er sikra tilstrekkeleg notoritet om grunngjevinga og avgjerdene. Spesialeininga meinte det ikkje var samsvar mellom avgjerda om å oppretthalde pågripinga for A, som gjaldt bruk av narkotika, og den faktiske grunngjevinga om mogleg bevisøydeleg­ gingsfare knytt til narkotikabeslaget. Dette var ein tenestefeil, men etter ei totalvurdering kom Spesialeininga til at påtalemakta ikkje hadde opptredd svært klanderverdig, og at det ikkje var grunnlag for sterk bebreiding fordi påtalemakta løpande hadde vurdert grunnlaget for framleis fengsling.
Ein person som er pågripen, skal bli gjort kjend med at han har rett til å be om at konsulær stasjon blir underretta, og viss den som er pågripen ønskjer det, skal politiet straks sørge for slik melding. Etter krav frå arrestanten skal advokat varslast utan unødig opphald. I arrest­ loggen stod det at A fekk utlevert rettsskjema. Det var ikkje nedteikna noko om ambassade eller forsvarar, verken at A bad om dette eller at det blei tatt opp som eit tema frå tilsette i arresten. Spesialeininga undersøkte ikkje dette nærmare da det ikkje var sannsynleg at det var opptredd straffbart med høve til dette.
Spesialenheten for politisaker
 45
 Årsrapport 2021





















































































   43   44   45   46   47