Page 10 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2022
P. 10

 Det sakene frå Spesialeininga kan bidra med er faktiske hendingar – dette har skjedd i norsk politi – og det er mykje
læring i å interessere seg for faktumet både i dei alvorlegaste sakene og i dei sakene som blir lagd vekk.
Spesialeininga sine saker har interesse både fordi allmenta skal ha innsyn i korleis politiet bruker makta som ligg i utøving av polititenesta og fordi det skal vere mogleg å kontrollere korleis Spesial­ eininga handterer meldingar om straffbare tenestehandlingar. Difor legg vi også ut på nett­ sida heile vedtak i en del saker, som til dømes alle saker der nokon er skutt og drepne av politiet.
I Spesialeininga sine saker kan det av same grunn vere riktig å gje journalister innsyn i andre doku­ ment enn berre vedtaket eller samandraget i saken. I løpet av dei siste åra har vi mellom anna gjeve innsyn i straffesaksdokument til produk­ sjon av ein podcast om den såkalla Obiora­saken, til journalister som ville undersøke etterfor­ skinga som Spesialeininga hadde gjort mot dåve­ rande politimeister Hans Sverre Sjøvold for våpenhandtering, og til journalister som vil sjå nærare på hendingar kor hjelp til helseoppdrag har enda med dødelege politiskot.
I alle desse sakene er det gjort grundige vurde­ ringar av kvart enkelt dokument. Nokon opplys­ ningar blir nekta på grunn av teieplikt, andre dokument er gjevne ut som kopiar, fleire gonger har journalistane fått lese gjennom enkelte straffesaksdokument med eller utan anonymise­ ring medan dei har vore i Spesialeininga sine lokalar.
Det er også viktig for oss at politiet er interessert i kva som ligg bak statistikken til Spesialeininga. Når vi påstår at det er læring å hente for politiet ved å bruke saker frå Spesialeininga, er vi fullt klar over at vi har eit lite utsnitt av en mangfaldig politikvardag. Men det sakene frå Spesialeininga
kan bidra med er faktiske hendingar – dette har skjedd i norsk politi – og det er mykje læring i å interessere seg for faktumet både i dei alvorle­ gaste sakene og i dei sakene som blir lagd vekk. Det kan vere lett å ikkje forhalde seg til faktum
i dei alvorlegaste sakene ved å seie at dette gjeld ein enkelt person – eit rote eple. Og i dei mindre alvorlege sakene kan det vere lett å avvise meldar som psykisk ustabil eller for å vere ute etter hemn eller at han ikkje forstår politiet sitt arbeid.
Ved å interessere seg for faktum kan verkelege hendingar gje utgangspunkt for diskusjonar om kva slags risikoar som finnast i politiyrket, korleis ein sjølv ville ha oppført seg i liknande situa­ sjonar og korleis ein ville handla om ein kollega oppfører seg kritikkverdig. Det er vår erfaring at det framleis er mange i politiet og påtalemakta som ikkje er klar over kor dei kan finne informa­ sjon om Spesialeininga sine saker og korleis dei best kan nyttast til læring.
Det er eit mål for oss å kunne arbeide meir syste­ matisk med å leggje til rette for at vi sjølv, forskarar, politiet og påtalemakta, journalister og andre kan bruke informasjon frå eininga sine saker i ulike typar av analyse. I dette arbeidet må vi heile tida ta omsyn til at reglane om teieplikt for straffesaker vert brukt riktig og at meir­ offentlegheit vert nytta der det er mogleg.
Slik kan vi og arbeide for at den naturlege debatten om kvifor så mange av sakene blir lagd bort, er basert på kunnskap om kva slags saker Spesialeininga tek i mot og korleis dei blir hand­ sama av eininga.
  10
 






















































































   8   9   10   11   12