Page 9 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2022
P. 9

TEKST Guro Glærum Kleppe / FOTO Atelier Klingwall
Kvifor vert
så mange saker lagd bort?
Dette spørsmålet vert ofte stilt når Spesialeininga legg vekk ei sak det har vore mykje merksemd om eller når den årlege statistikken vert lagt fram. Det er naturleg at spørsmålet kjem når ein så stor del av eininga sine saker vert lagd vekk.
Ettersom opplysningar om innhaldet i straffesaker i utgangspunktet er underlagd teieplikt, er det ei utfordring å skulle kommunisere godt med allmenta om kva som ligg bak avgjerda i ei sak eller statis­ tikken. Denne utfordringa tek vi på største alvor. Det er avgjerande for at folk skal ha tillit til arbeidet som eininga gjer at det er mogleg å sjå kva som blir meld til oss, korleis vi handsamar sakene og kva som er grunngjevinga for avgjerdene i kvar enkelt sak.
Eit tiltak er at Spesialeininga kvar veke på nettsida legg ut korte samandrag av sakene som er avgjorde veka før. Samandraga er utan namn og andre opplysningar som kan identifisere partane i saka.
I kvart samandrag kjem det fram informasjon om kva som er meld, kva undersøkingane/etterforskinga har funne og korleis saken er avgjord. I saker som gjeld politiet sin bruk av makt, følgjer vi ein fast mal som gjer at samanliknbar informasjon kjem fram i kvar sak.
Straffesakstatistikk gjev ikkje svar på ein del spørsmål som vi veit kan ha allmenta si interesse i våre saker. Difor arbeider vi med å skrive samandraga slik at dei kan vere ei kjelde til å finne fram til saker om til dømes diskriminering/rasisme, politiets handtering av mindreårige, bistand til helseoppdrag, bruk av våpen osb.
  Guro Glærum Kleppe
Assisterende sjef, Spesialenheten for politisaker
9
 Spesialenheten for politisaker
Årsrapport 2022






















































































   7   8   9   10   11