Page 42 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 42

Administrative
vurderinger 2020
Saker send politimeister, sjef for særorgan eller annan rett instans for administrativ vurdering
 Spesialeininga har i 2020 send 57 saker til administrativ vurdering. Kva skal til for at ei sak blir send til administrativ vurdering? Det er ikkje avgjerdande om saka blir lagt bort eller avgjord med førelegg, tiltale eller påtaleunnlating. Spesialeininga skal sende saken til administrativ vurdering når det gjennom meldinga eller etter­ forskinga kjem fram noko som gjer at saka bør vurderast administrativt. I nokre saker kan det være noko å lære av meldinga i seg sjølv. I andre saker har det under etterforskinga av saka kome fram ting som til dømes gjer at politimeisteren bør vurdere om opplæring eller rutinar må betras. Det kan også være tilhøve ved enkelte tenesteperson som bør vurderast administrativt.
Til årsrapporten har vi valt å ta fram nokre av sakene som er send til administrativ vurdering. Samandrag av alle sakene finn du på våre nettsider.
Saker som på ulike måte gjeld besøksforbod
Tre av sakene send til administrativ vurdering i 2020 gjaldt på ulike måtar besøksforbod. Også tidligare år har eininga handsama ein del saker som gjeld nettopp dette, og det kan derfor være læring for fleire i desse sakene. Sjå også artikkelen på side 21 som dreier seg om same tema.
SØR-ØST POLITIDISTRIKT
Ei kvinne melde ein politiadvokat for ikkje å ha svart på hennes om krav om besøksforbod. Loven krev skriftleg handsaming av krav om besøks­ forbod uavhengig om ønsket blir fylgt eller ikkje.
Loven sett ikkje frist for å svare, men god påtale­ skikk tilseier at det svarast raskt elles vil målet med kravet falle bort. Det gjekk meir enn seks månader frå kvinna sin advokat sende kravet til politiet og til straffesaken blei lagt vekk av politi­ advokaten utan at kravet om besøksforbod vart svart på. Politiadvokaten burde ha svart på kvinna sitt krav, men Spesialeininga la vekk saka utan etterforsking da det ikkje var sannsynleg at feilen var eit grovt brot på tenesteplikt. Saken blei sendt politidistriktet for administrativ vurdering av rutinane for sakshandsaming av krav om besøksforbod.
VEST POLITIDISTRIKT
Ein mann (A) melde politiet for sein forkynning av besøksforbod og at forbodet ikkje var send til tingretten for prøving. Ein politiadvokat hadde underskreve forbodet den 26. november 2018, og det vart ikkje forkynt for A før i avhør
15. januar 2019. Ved forkynning av forbodet kravde A avgjerda brakt inn for retten. Besøksforbodet hadde varighet til og med
26. februar 2019.
Politiet kan vedta besøksforbod når bestemte vilkår er oppfylt. Den som forbodet retter seg mot kan straks eller seinare krevje avgjerda brakt inn for retten. Påtalemakta skal så snart råd og så vidt mulig innan 5 dagar etter at kravet ble satt fram, bringe saken inn for retten.
Årsaken til den seine forkynninga var manglande kapasitet, og det førte til at forbodet fikk ein kortare virkeperiode enn den som var fastsatt. Spesialeininga understreka i vedtaket at det å
 42
 

















































































   40   41   42   43   44