Page 44 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2020
P. 44

 44
og dei to tenestepersonane, og at dei sto slik at dei ikkje kunne trekke seg ut av bustaden.
Spesialeininga viste til at eininga har etterforska fleire saker der politiet har skutt når oppdraget gjeld hjelp til helsetenesten. Saka vert send til administrativ vurdering for læring.
INNLANDET POLITIDISTRIKT
Beredskapstroppen ble bedt om å hjelpe Innlandet politidistrikt som på sin side hjalp helsetenesten. Bakgrunnen for oppdraget var opplysingar om at ein person var psykisk sjuk, og rykte om at denne personen kunne ha skytevåpen. Polititeneste­ personar frå Innlandet politidistrikt rykka ut utan våpen, men det ble seinare gjett ordre om å væpne seg. Grunnlaget for denne avgjerda var at personen i ein konfrontasjon med politiet stakk ein polititenesteperson i andletet med kniv eller machete. Ei detaljert gjennomgang av hendingane fram til personen vart skutt og drepen av politiet, finnes i Spesialeininga sitt vedtak i saka. Spesial­ eininga la vekk saka mot dei to tenestepersonane som skaut mot personen da eininga vurderte at dei handla i nødverje.
Etter at riksadvokaten hadde vurdert klage frå dei etterlatne etter den døde og oppretthaldt eininga si avgjerd, vedtok Spesialeininga å sende saka til administrativ vurdering.
Saka vart send til Oslo politidistrikt, Innlandet politidistrikt og Politidirektoratet med ei lengre grunngjeving. Spesialeininga peika på at erfaringa gjennom fleire år er at mange av politiet sine skot er retta mot personar som er psykisk sjuke/ suicidale. Mange av situasjonane som politiet har stått i har utan tvil vore svært farlege for teneste­ personane. Skotløysningane som Spesialeininga har vurdert har difor vore vurdert som forsvarlege og ikkje som straffbare tenestehandlingar. Alle slike saker har likevel ei potensiale for læring.
Spørsmålet er om det er mogleg å trekke spesi­ fikke punkter for læring ut av desse sakene for å bidra til at så få som mogleg vert skada eller døyr som følgje av politiet sin utføring av tenesta.
Spesialeininga viste til ei liste med moment som kunne være egna for nasjonal læring:
1. Forholdet mellom politi og helseteneste.
Spørsmål om i kva grad oppdraget endra karakter frå hjelp til helsetenesten til eit meir operativt politioppdrag. Politiet bør sjå dette i samanheng med sak om tilsyn som Statsforvaltaren har satt i verk.
2. Påtalemakta si eventuelle rolle (grensa mellom det polisiære ansvaret og påtalemakta sitt ansvar).
3. Bruk av pårørande.
4. Mogleg bruk av andre maktmiddel som til
dømes gass.
5. Andre taktiske løysingar.
6. Kva tida har å bety for val av aksjonsmåte. 7. Delinga av oppgåvene mellom Beredskaps­
troppen og lokalt politi.
Spesialeininga peika på at dette er punkter som eininga ut frå saken ser kan være relevant å ta med i ei vurdering av nasjonal læring, men at dette berre er veiledande for politiet og Politi­ direktoratet i det arbeidet dei skal gjera. Det ble også vist til at spørsmålet om kvifor ikkje elektrosjokkvåpen fungerte slik det var tenkt også er et relevant tema å sjå nærare på. Spesial­ eininga understreka at saker som tidligare er etterforska vil verte gjort tilgjengeleg dersom ein ser at det kan være nyttig i dette arbeidet.
Det overordna målet med å sende saka til administrativ vurdering er å auke kunnskapen og kompetansen både på operasjonelt og taktisk nivå i politiet om menneske med psykiske lidingar og rutinane for samhandling mellom politi og helsevesen.
 














































































   42   43   44   45   46