Page 40 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2021
P. 40

Administrativ vurdering 2021
Saker sende politimeister, sjef for særorgan eller annan rett instans for administrativ vurdering.
Spesialeininga har i 2021 sendt 50 saker til admi­ nistrativ vurdering. Kva skal til for at ei sak blir send til administrativ vurdering? Det er ikkje avgjerande om saka blir lagd bort eller avgjord med førelegg, tiltale eller påtaleunnlating. Spesialeininga skal sende saka til administrativ vurdering når det gjennom meldinga eller etter­ forskinga kjem fram noko som gjer at saka bør vurderast administrativt. I nokre saker kan det vere noko å lære av meldinga i seg sjølv. I andre saker har det under etterforskinga av saka kome fram ting som til dømes gjer at politimeisteren bør vurdere om opplæring eller rutinar må betrast. Det kan også vere tilhøve ved enkelte tenestepersonar som bør vurderast administra­ tivt.
Til årsrapporten har vi valt å ta fram nokre av sakene som er sende til administrativ vurdering. Samandrag av alle sakene finn du på våre nett­ sider.
Bruk av Snapchat og andre
sosiale medium
Spesialeininga har fleire gonger vist til at det er naudsynt at politileiinga har merksemd om bruken av sosiale medium hjå sine tilsette. Også i 2021 handsama Spesialeininga fleire saker som på ulike måtar gjeld dette temaet. Nokre slike saker har ført til straffreaksjonar og er omtala i artiklane om posi- tive påtaleavgjerder og saker for domstolane. Her blir nokre saker som er sende til administrativ vurde- ring, omtala nærmare slik at fleire kan gjere seg nytte av erfaringane frå desse sakene.
ØST POLITIDISTRIKT
A melde politihøgskulestudent B for brot på teieplikta ved at B i kontakt med C på privat Facebook/Messenger hadde opplyst at A var involvert i ei «politisak» med vedlagt bilde av A sin Instagram­profil. Saka blei vurdert som mogleg brot på teieplikta og tenestefeil.
Spesialeininga meinte at B objektivt sett hadde brote lovbestemt teieplikt, men at han ikkje hadde handla grovt aktlaust. Ved vurdering av skyldspørsmålet blei det lagt vekt på at B hadde handla ut frå ei overtyding om at opplysningane ikkje var underlagde teieplikt. Når det gjaldt A si villfaring om rettsreglane, blei det lagt vekt på at B var student, og at det ikkje kunne utelukkast at det var ei oppfatning blant enkelte teneste­ personar at denne typen opplysningar kunne leverast ut utan å krenke teieplikta. Denne delen av saka blei lagd bort.
Spesialeininga meinte vidare at B hadde gjort fleire tenestefeil ved val av måte å gå fram på,
og gjennom innhaldet i kommunikasjonen på Facebook/Messenger. Spesialeininga fann at dei ulike feila verken aleine eller samla sett utgjorde eit grovt brot på ei tenesteplikt. Uansett var det tvil knytt til om B hadde handla med tilstrekkeleg grad av skyld. Sjølv om det kunne stillast spørsmål ved B si vurderingsevne på fleire punkt, fann Spesialeininga at handlingane i høgda var aktlause. I vurderinga blei det lagt vekt på at B var student og under opplæring, og at han blei for «ivrig» i si tenesteutøving. Det skal svært mykje til før slike forgløymingar eller slurv er straffbart. Også denne delen av saka blei lagd bort.
Spesialeining meinte at saka burde bli gjennom­ gått administrativt av politimeisteren. Politihøg­ skulen og Politidirektoratet blei også orienterte om saka.
 40
 




















































































   38   39   40   41   42