Page 51 - Spesialenheten for politisaker – Årsrapport 2022
P. 51

Utrykninger i 2022
Når nokon har blitt alvorleg skadd eller mist livet som følgje av tenestehand- lingar utførd av tilsette i politiet eller påtalemakta, rykkjer Spesialeininga ut og set i verk etterforsking straks. Også i andre saker kan det vere nødvendig å rykkje ut for raskt å kome i gang med etterforskinga. I 2021 rykte Spesia- leininga ut ved fem tilfelle og desse er kort gjort greie for her.
21. september 2022
OSLO POLITIDISTRIKT
Oslo politidistrikt melde om ei hending på E18 ved «Bygdøylokket» i Oslo, der ein person hadde prøvt å ta seg inn i ein lastebil og trua sjåføren med kniv. Politiet hadde losna eit retta skot mot personen, som blei treft i kneet. Spesialeininga har ikkje treft avgjerd i saka.
23. september 2022
VEST POLITIDISTRIKT
Vest politidistrikt melde om ei hending som hadde funne stad utanfor legevakta i Nord­ Hordaland. Hendinga hadde skjedd i samband med at politiet hjelpte helseteneste med at ein pasient skulle leggjast inn. Pasienten skulle ha trua patruljen med kniv, det var losna skot og pasienten vart treft i kneet. Saka er lagd bort med den grunngjevinga at det ikkje var skjedd noko straffbart.
5. november 2022
ØST POLITIDISTRIKT
Øst politidistrikt melde om ei hending som hadde funne stad i Rælingen. Politiet hadde fått melding om at ein person med våpen hadde skote i lufta. Då politiet kom til staden og ropte til personen, trekte han fram eit våpen og fyrte av eit eller fleire skot i lufta. Politiet skaut varsel­ skot før dei seinare skaut retta skot mot personen. Personen blei treft i ein arm og eit bein. Spesialeininga har ikkje treft avgjerd i saka.
9. desember
TROMS POLITIDISTRIKT
Troms politidistrikt melde om ei hending som hadde funne stad i Lavangen kommune.
I samband med eit tenesteoppdrag hadde politiet losna fleire skot mot ein person som satt inne i ein hjullastar. Personen vart erklært død. Spesial­ eininga har ikkje treft avgjerd i saka.
22. desember
SØR­VEST POLITIDISTRIKT
Sør­Vest politidistrikt melde om at politiet hadde fyrt av skot mot ein person i samband med ein situasjon kor personen skulle gripast av politiet. Personen vert treft i eit bein. Spesialeininga har ikkje treft avgjerd i saka.
 Spesialenheten for politisaker
Årsrapport 2022
51
 













































































   49   50   51   52   53